forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Tursekken til barnehagen – kva inneheld den?
Når du skal på tur med barna i barnehagen, er det nyttig å ha ein fast sekk med eit standard utval av utstyr. Her er forslag til kva du kan ha i sekken.
Kva har du i den faste tursekken din? Her er eit forslag til kva du har i sekken din. Har du alltid dette grunnutstyret i sekken, er du godt rusta til å møte utfordringane som både naturen og barna gir.
Diskuter gjerne innhaldet i sekken med barna som ein del av prosessen rundt planlegginga av turen. Etter at turen er gjennomført, kan de også ta med det de brukte av utstyr inn i samtalen rundt det de opplevde gjennom dagen.
Innhald i sekken:
- samanleggbare sitteplater
- fyrstikker
- handluper eller lupeboksar
- pinsettar (bladpinsett)
- kvite isboksar
- små posar
- feltbøker (insekt og småkryp, flora, soppbok)
- laminerte plansjar (forskerfrø.no)
- kniv, turøks, tursag (primært for vaksne, men kan brukast av barn dersom dei har fått opplæring og under kyndig rettleiing frå personalet)
- førstehjelpsutstyr
- tau