Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Dyrk gulrøtter

Gulrot er ei søt grønnsak som kan brukast på veldig mange måtar. Ho veks under jorda og er rota til planten. Det er her ho tar opp vatn, men ho lagrar og næring i rota. Difor er gulrota så stor til å vera rot.

  Dyrke gulrot 2

 

 

 

Gulrot kan sjå ut som gulrot du kjøper på butikken om ho får vekse utan hindringar rett ned i litt sandhaldig jord. Men det er veldig gøy å dra opp gulrøtter som har støtt på ein stein på vegen. Dei kan få skikkelig rare former. Gulrøtter kan ein så i mjølkekartongar veldig tidleg om våren. Ein treng ikkje ein gong å vente til snøen er borte eller til frosten er har forsvunne.

Gulrot

 

Gulrot vert dyrka frå frø, og frøa er ganske små. Sjølve gulrøtene tar stor plass i mjølkekartongen. Difor held det å plante 10-15 frø i ein kartong. Så dei med litt avstand til kvarande, så får kvar gulrot litt plass rundt seg. Sår ein tettare, går det og fint, då kan ein luke ut (og ete) dei minste gulrøttene etterkvart og la nokre få vekse seg store. Mjøkekartongane med gulrotfrø kan setjast ut med ein gong ein har sådd i dei. Hugs å skjer små hol nær botnen for drenering slik at det ikkje blir for vått i mjølkekartongen. Ein kan setje mjølkekartongane i plastkassar ute. Det blir til eit drivhus. Når det nærmar seg sommar, kan ein kutte av botnen av mjølkekartongen og setje heile kartongen i jorda. Då kan gulrøttene forsetje med å vekse seg store nedover, og når dei skal hausast, kan du dra opp ein heil bunt!

Dyrke gulrot 3

Det er vanlegast at gulrøtene er orange, men det finst sortar med fargar frå lilla til gule! Kanskje går det å prøve fleire sortar for å finne ut om dei smakar ulikt?

 

Mat med gulrot

Gultrotsuppe

 

Aktivitet med gulrot

Når gulrota nesten er eten opp og det berre er toppen igjen (den delen som er øvst i jorda), prøv å legg denne i eit lite fat med vatn. Då vil det etterkvart vekse ut grøne blader frå gulrota.