Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Sette poteter

Poteter er veldig fine å dyrke i barnehagen. Dei er lett handterlege av sjølv dei minste barnehender, og forsvinn ikkje mellom fingra slik små frø kan gjere. Å dyrke potet er å få nye planter utan å bruke frø.

  Pixabay potet

 

Innramming av aktiviteten

Å ramme inn ein aktivitet betyr å førebu barna på aktiviteten som skal kome. Barna får eit større utbyte av ein aktivitet om ein snakkar om aktiviteten på førehand, det vert nytta bøker, musikk eller andre kunstuttrykk, eller at ein oppsøkjer relevante stader ute og inne.

I denne aktiviteten kan innramming vera å lese om det å dyrke i ulike bøker. Det finst bøker som handlar om bonden, og korleis korn, poteter og grønnsaker vert dyrka. Du kan og snakke om dyrking av potet når de lagar mat på kjøkkenet. 

 

Å dyrke potet er å få fleire planter utan å bruke frø. Poteta er ein rotknoll som vert sett i jorda og som set nye rotknollar som blir til nye planter. Den nye planta er i og for seg heilt lik morplanta fordi det ikkje har skjedd ei befruktning på førehand. Planta kjem altså ikkje frå ei blomst som har gjeve frø.

Vår setter poteter NY2

Om våren set ein ned poteter, og etter nokre veker kjem planta opp. Når den grøne planta er ferdig bløma og potetriset startar å visne om hausten, er dei nye potetene klare til å bli tatt opp. Og det er her det skikkeleg artige med poteter er; den eine poteta som vart planta i vår har blitt til mange nye poteter!

NB: Hugs å bruke sertifiserte settepoteter, slik at du ikkje spreier sjukdommar.  

 

Dyrke poteter 1

Potet treng ikkje så mykje for å trivest, og ho kan plantast i dei fleste typar jord, og til og med i bøtter. Du kan la potetene spire i vinduskarmen før du går i gang, då kjem dei fort i gang med groperioden. Poteter settes omtrent 10–15 centimeter ned i jorda, og har du fleire, kan du sette dei med omtrent ein halv meters mellomrom. Hald jorda passe fuktig gjennom sommaren, og fyll gjerne på med meir jord rundt potetplanta. Då slepp ein nemleg å få grøne poteter som inneheld eit giftstoff som er giftig for oss i store mengder. Det er berre potetene til potetplanta som er etande. Resten av planta er giftig.

 

Dyrke poteter 4

 

Mat og Aktivitetar med potet

Potettrykk

Potetsuppe

Potetchips

Kokte poteter med smør

 

 

Dyrke poteter 2

 

Utvidelse av aktiviteten

 Matlagingsaktivitetar er gode å bruke som ein utviding av aktiviteten.

 

Lenker

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

  • Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring.
  • Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen

Personalet skal:

• leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring

  • gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
  • synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Kropp, bevegelse, mat og helse

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid

Personalet skal:

  • leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna

 

 

Materialer og utstyr

  • Godkjente settepoteter
  • Plantekasse/ bøtte/krukke
  • Jord