Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Lønnekrans

Fargene om hausten inspirerer oss til å bruke naturen til mange fine kunstaktivitetar. Ein fin aktivitet på hausten er å lage ein lønnekrans.

Lønnekrans-oppskrift_NR8

Ein fin aktivitet på hausten er å lage ein lønnekrans. Lønnetreet får ofte fine fargar i raudt, oransje og gult på hausten, og kransane blir veldig dekorative. Her er ei oppskrift i tekst og bilde.

  1. Brett eit blad dobbelt med oversida ut (det gule). Klipp av det ytste på stilken gjennom bretten, slik bildet viser.
  2. Stikk stilken på det raude bladet gjennom det gule bladet ein gong til, slik at stilken stikk ut på det som skal bli innsida til kransen. Du har nå sydd eit lite sting. Brett det raude bladet dobbelt, slik at det ligg utanpå det gule bladet.
  3. Gjenta: Klipp av det ytste på en ny stilk, stikk igjennom (fire lag blad) og sy et sting til. Dra til bladet så det sitter tett inntil de andre og brett det til. Oversida av bladet skal alltid vende utover.
  4. Fortsett. Jo tettare du syr, desto meir solid blir kransen. Det gjer ingen ting om stilkane brekk opp litt, dei kan som regel likevel bli dregne gjennom.
  5. Det er lettare å tre stilken gjennom litt store blad med kraftig stilk. Du kan også lage hol med ein strikkepinne, for så etterpå å træ stilken gjennom det ferdige holet.
  6. Blada som er sydd saman er klar for samanføying til ferdig krans. Du treng ca. 30 store lønneblad.
  7. Legg til slutt endane inntil kvarandre (den eine enden delvis inni den andre), og legg gjerne eit solid blad over skøyten og sy eit sting med ein kraftig stilk.
  8. Klipp stilkane som er for lange, så er kransen klar til bruk. Han held seg fin i tre–fire dagar dersom du legg han i ein plastpose med litt vatn i.

  • Lønnekrans-oppskrift_NR1
  • Lønnekrans-oppskrift_NR2
  • Lønnekrans-oppskrift_NR3
  • Lønnekrans-oppskrift_NR4
  • Lønnekrans-oppskrift_NR5
  • Lønnekrans-oppskrift_NR6
  • Lønnekrans-oppskrift_NR7
  • Lønnekrans-oppskrift_NR8
  • Lønnekrans-oppskrift_NR9

 

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • lager konstruksjoner av ulike materialer og utforsker muligheter som ligger i redskaper og teknologi

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring

 

Materialer og utstyr

  • lønneblad i ulike haustfargar