Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Kvar er insekta? På jakt med pinsett, isboks og lupe

Utstyrt med ein pinsett, ein isboks og ei lupe, er alt klart for ei spennande jakt etter insekt og andre smådyr ute på tur. Her er nokre tips til korleis du skal finne alle dei små dyra.

Isbokspinsettlupe2x1

Kvar er insekta?

Dei små dyra er heile tida redde for å bli etne. Derfor vil mange av dei gøyme seg om dagen og vere meir aktive om natta. For å finne dei som gøymer seg, må vi gjere følgande:

  • lette på steinar
  • lette på røter
  • sjå under bark
  • sjå på velta tre
  • sjå i stubbar

Barn treng berre å bli viste moglegheitene, så vil dei utforske på eiga hand. Ta med barnegruppa rundt i skogen og løft på steinar, kikk under bark eller på stamma på daude tre. Bruk pinsett eller insektsugar for å samle inn dyr som er under desse. Nokre gongar må du vere veldig rask, særleg dersom du vil ha tak i skolopendrar og løpebiller. Desse er raske. Lær barna å legge tilbake steinane og røtene på den plassen dei hadde, slik at det ikkje ser rotete ut etter at aktiviteten er ferdig.

Å utvide aktivitetane

Det som blir samla inn kan de studere når de kjem tilbake til barnehagen, eller ved turplassen ute i skogen. Nokre gongar kan det vere lurt å ha med eit lite terrarium som de kan legge nokre av dyra nedi. Litt jord, stein, nokre friske blad og nokre visne blad kan de legge oppi som skjul og mat. Barna kan følge med på kva som skjer i terrariet over tid. Når dei mistar interessa, kan barna bli med på å sette dyra tilbake i skogen.

Barns kommentarar og spørsmål

Spørsmåla til barna ute på tur er eit uttrykk for nysgjerrigheit og vitelyst, og er eit didaktisk utgangspunkt for pedagogen. Her kan vi ta tak i merksemdfasane som Fischer og Madsen snakkar om: Opplevingsfasen, undersøkingsfasen og refleksjonsfasen. Ver medundrande med barna i dei to første fasane, og sjå etter om barna er klare for å vite meir. Da vil vi få til den gode samtalen i refleksjonsfasen.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringer med naturen som fremmer evnen til å orientere seg og oppholde seg i naturen til ulike årstider.
  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • får gode opplevelser med friluftsliv året rundt
  • får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen
  • får kunnskap om dyr og dyreliv 

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen

 

Materialer og utstyr

  • pinsett
  • lupe
  • isboks