Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Lag eit stjernehjul

I denne aktiviteten kan du lage eit stjernehjul (planisfære) som viser kva for stjerne som er synlege til ein kvar tid.

Stjernehjul

Eit stjernehjul (planisfære) er eit hjelpemiddel når du skal kjenne igjen stjerner og stjernebilde på himmelen. Still inn stjernehjulet etter dato og klokkeslett. Da viser det kva for stjerner som er synlege i dei ulike himmelretningane.

FRAMGANGSMÅTE

  • Klipp ut dei to hjula i vedlegget. Klipp ut det grå området på det minste hjulet.
  • Lim eit gjennomsiktig plastark bak det minste hjulet.
  • Sett ein splittbinders gjennom dei to hjula. Splittbindersen skal gå gjennom den svarte prikken på hjula.

SLIK BRUKAR DU HJULET

Still inn stjernehjulet etter dato og klokkeslett. Hald det opp mot himmelen og sjå etter stjernebilda.

 

 

Materialer og utstyr

  • liten splittbinders
  • plastark/overheadark
  • limstift
  • mal for stjernehjul (pdf)