Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Løft is med tråd

I denne aktiviteten skal du løfte ein isbit ved hjelp av ein tråd og salt, utan å ta på isbitane.

 

Vann løfte is med tråd

I denne aktiviteten kan barna få undre seg over effektane av kulde i vatn og is. Denne aktiviteten passar når barna er opptatt med å leike med is og vatn.

Slik gjer du det:

Legg nokre isbitar i eit glas med kaldt vatn. Fukt den eine enden av ein tråd godt, og legg han over isbitane. Strø salt på tråden og isbitane og vent eitt minutt. Løft tråden forsiktig opp. Isbitane har festa seg til tråden, og du kan løfte dei opp frå vatnet.

 

 

 

Fagleg forklaring

Blanding av is og salt har lågare smeltepunkt enn rein is. Derfor smeltar litt av isen raskare når saltet kjem på. Vatnet renn rundt tråden. Smeltinga treng energi, og omgivnadane blir litt kaldare. Energien blir tatt frå omgivnadane. Saltet renn bort, og det nesten reine vatnet som er igjen, frys til is. Da sit tråden fast i isklumpen. Nullpunktet i Fahrenheitskalaen er den lågaste temperaturen du får til ved ei passande blanding av is og salt. Før fryseskapet kom, laga folk iskrem ved avkjøling med is-og saltblandingar.

Kommentarar og spørsmål frå barn

Barna spør gjerne om kvifor dette skjer når dei er med på denne aktiviteten. Dei har også sjølve nokre forslag om kvifor som; «Tråden heng fast fordi det er salt.», «Isbiten fraus seg fast i tråden.» og «Salt smakar som sjø og som saltvatn.»

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover 

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna

 

Materialer og utstyr

  • glas med vatn
  • isbitar
  • hyssing
  • salt