forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Framande artar
Det finst artar som har komme til landet med mennesket. Dei artane som har komme med oss hadde ikkje hamna i landet utan menneskeleg transport. Det finst artar som me har tatt inn i landet som kan konkurrere ut den lokale naturen og endre økosystema våre.
I Noreg har me truleg rundt 70 000 artar. Sakte men sikkert har artane fylt det landet som ein gong var dekt med kilometer med is og snø. Nokre artar har vandra oppover frå sør, andre komme flygande frå aust, eller frå havet i vest. Saman utgjer dei det biologiske mangfaldet i Noreg.
Men i det biologiske mangfaldet finst og artar som har komme til landet med vår art, med mennesket. Dei artane som har komme med oss hadde ikkje hamna i landet utan menneskeleg transport. Artsdatabanken definerer framande artar slik: Framande artar er artar som har kome til eit område grunna menneskeleg transport, medviten eller umedviten, og at arten ikkje tidlegare har førekomme naturleg i området.
Nokre av artane som me har bragd inn i landet er harmlause og utgjer inga spesiell trussel mot norsk natur. Men det finst artar som me har tatt inn i landet som kan konkurrere ut den lokale naturen og endre økosystema våre.
I landet vårt er 2300 artar vurderte som framande artar. Dei fleste framande artar som har komme til Noreg har komme som blindpassasjerar, for eksempel i ballastvatn til skip eller dei har forvilla seg frå hagar og parkar. Nokre har medvite vorte satt ut i naturen, og nokre artar som er framande i for eksempel Sverige har spreidd seg vidare til Noreg.
I denne vurderinga som er gjort av ekspertar, utgjer 231 artar ein svært høg risiko for norsk natur, 210 artar høg risiko for norsk natur og 374 artar potensielt høg risiko for norsk natur. Soppar, planter, fugl, fisk og insekt finst på desse listene.
Alle kan hjelpe til med å nedkjempe framande artar. Om ein finn framande artar i naturen som til dømes planter, kan dei plukkast, helst med både rot og frø slik at det hindrar vidare spreiing. Det er viktig at plantedelane blir kasta i restavfallet, slik at dei blir brent. På den måten hindrar ein at planta veks opp att i kompost eller liknande.
Meir om framandartslista på Artsdatabanken.
Nokre av våre framande artar som utgjer størst trussel mot norsk natur:
- Russekål
- Kanadagullris
- Praktmarikåpe
- Honningknoppurt
- Lupin
- Kjempespringfrø
- Valurt
(fullstendig liste over alle organismegrupper finst her)