forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Berekraftig forbruk i barnehagen
Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida. Barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig forbruk. Kvardagsrutinar i barnehagen gir mange moglegheiter.
Artikkelen er henta frå Realfagsløyper
Forbruk i barnehagen
I nokre delar av verda er det nødvendig med ei velferdsauke med auka forbruk av ressursar, mens det i andre delar av verda – særleg den vestlege delen av verda – er nødvendig med ein reduksjon av forbruket.
Under målet om å minske det økologiske fotavtrykket er det etablert eit nytt omgrep: «Økologisk handavtrykk». Handavtrykket er tenkt som ein metode til å vurdere eige forbruksmønster. Økologisk handavtrykk handlar om å finne ut av kva for endringar den enkelte kan gjere sjølv. Korleis kan du redusere eige forbruk for å minske det økologiske fotavtrykket. (Naturfagsenteret, 2015) Desse tiltaka listar den enkelte opp for seg sjølv. Nokon har valt å skrive desse ned på eit ark med eit avtrykk av handa, kor den enkelte skriv ned tiltaka sine i avtrykket av fingrane. Eksempel på slike tiltak kan vere å vurdere val av mat og drikke (f.eks. kjøpe meir økologisk/kortreist, vurdere kjøp av produkt (f.eks. treng eg eigentleg denne genseren?), forbruk av energi (f.eks. kan eg dusje kortare) og bruk av transportmiddel (f.eks. fly mindre / sykle meir).
I barnehagen forbrukar de varer som leiker, formingsmateriell, tørkepapir, matvarer, bleier, vatn, møblar osv. Korleis kan de ha eit meir berekraftig forbruk i barnehagen? Det er fleire vegar til eit meir berekraftig forbruk.
- Ein kan bruke mindre. Kan de bruke mindre straum, vatn, papir osv.?
- Ein kan også vurdere kva som blir forbrukt og bruke meir miljøvennleg. Kan de bruke grønsaker, linser og bønner framfor kjøtt? Kan de droppe glitter, sidan det blir mikroplast når det kjem ut i naturen? Leiker av tre framfor plast?
- Ein kan vurdere produksjonen av varene som blir kjøpte inn. Kan de kjøpe varer som er økologiske og kortreiste?
- Ein kan kaste mindre. Korleis kan de redusere matsvinn, kompostere, organisere gjenbruk, redesign, gi bort (til andre som trenger det) osv.?
Mat og miljøvennleg forbruk
Det er matproduksjon som står bak ein stor del av verdas menneskeskapte klimagassutslipp. Når vi kastar mat, er desse klimagassutslippa fullstendig meiningslause. Her er nokre forslag til punkt ein kan vurdere for eigen barnehage
- Følg med på datomerking.
- Servér små porsjonar. Det er betre å la barna forsyne seg fleire gongar. For store porsjonar gjer av vi kastar mat.
- Ete mindre kjøtt. I barnehagen kan barna lære seg å like grønsaker.
- Bruke lokale råvarer og varer etter sesong.
- Hauste av naturens spiskammers. Dette føreset at personale er svært godt kjente med artane som blir hausta inn.
- Kva med å dyrke maten sjølv? Det er kortreist.
- Nedfallsfrukt. I mange hagar hamnar epla på bakken og blir liggande og rotne. Mange familiar rekk ikkje å hauste inn frukta dei har i hagen. Kan dei ho med til barnehagen? Eller kan de sette inn annonse i lokalmedia og ta barnehagen med på innhaustingstur i nabolaget?
- Straumfri dag i barnehagen.
- Spare på vatn.
- Ver nøye med handhygiene.
- Eitt tørk er nok – av papirhandkle.
Å fremme forståing for berekraftig utvikling
Alle råda over gjeld drift av eit storkjøkken som vil bli drive mest mogleg økonomisk og miljøvennleg. For at det også skal vere ein del av pedagogikken, må barna delta på aktivitetane (sette mjølka bakarst) og få forklaringar på kvifor vi gjer som vi gjer. I mange barnehagar blir barna inviterte til å vere med på kjøkkenteneste. Barn som får delta på kjøkkenet vil kunne forstå grunnane for rutinane og handlingane.
Avfallssortering og bruk av gjenbruksmateriale
Mange barnehagar har fine rutinar når dei behandlar avfallet. Barna blir involverte i arbeidet og dei tilsette forklarar kvifor dei gjer som dei gjer. I Norlandiabarnehagen Marsveien drar dei på besøk til ein gjenvinningsstasjon med ting dei ikkje treng og sørger for at andre kan ha glede av tinga.
Svært mange andre barnehagar jobbar med gjenbruksmateriale i leik og i formingsaktivitetar. Gjenbruksmateriale er kjønnsnøytralt og i utgangspunktet verdilaust. I Yttern miljøbarnehage i Rana jobber dei på den måten. «Den pedagogiske tanken er å gjøre verdiløst materiale verdifullt», seier Ann Kristin Storvik. Styrar Bjørg Forseng meiner gjenbruksmateriale stimulerer kreativiteten og fantasien til ungane meir enn anna materiale som ofte er meir føresagt, og der det ofte følger med oppskrifter. «Med dette materialet kan de forme ting etter eget hode og gi leken et mer personlig uttrykk», seier ho.
Barnehagen har jobba målretta med miljøvernarbeid sidan 2000. I 2005 ble dei lønt med Rana kommunes miljøpris. Da kom ordet miljøbarnehage med i namnet.
Frå sortering til forbruksreduksjon
Sortering av avfall og leik med gjenbruksmateriell fører ikkje automatisk til ein forbruksreduksjon. Sortering av søppel er ein kategoriseringsleik og verdifull i seg sjølv, men medfører ikkje nødvendigvis ei forståing for reduksjon av forbruk. Leik med gjenbruksmateriell gir ikkje ein automatisk forståing av forbruksreduksjon – snarare tvert imot: Eit eksempel er ein pappa som tinte 15 saftis for å kunne bruke ispinnane til eit prosjekt.
For å jobbe med reduksjon av forbruk må vi få mindre avfall og færre produkt.
- Kan barnehagen bidra til bytte av materiell mellom familiar? Ofte veks barn ut av parkdressar, ski og skøyter og anna utstyr før det er slitt. Kva med å ha ein byttedag?
- I kva for grad kan barnehagen få reparert gjenstandar snarare enn å kjøpe nye? Er det nokre praktiske foreldre som kan hjelpe? I ein Skedsmobarnehage brukte barnehagelæraren gaffateip på øydelagde regnbukser og hindra dermed at buksene blei kasta.
- Kan avdelingane dele på leikar? Kan dei ha ein leikering der nokre leikar går på omgang?
- Korleis kan vi hjelpe barn til å leve godt med at dei ikkje eig ting andre har. Har dei noko anna dei kan vere glad for?
Referansar
FN-sambandet. Økologisk fotavtrykk.
Utdanningsnytt.no. Miljøbarnehage har gjenbruk som pedagogisk verktøy.
Kasin, O: (2019): Bærekraftig utvikling, pedagogiske tilnærminger i barnehagen, Fagbokforlaget, Bergen