forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Giftige planter
Å vera trygg på giftige planter kan vera med på førebyggje giftuhell i barnehagen.
Ikkje alt er etande
Ikkje alt av planter og sopp er etande. Mange planter lagar kjemikalier som fungerer ei forsvarsmekanisme for å unngå at dei vert beita. Nokre av desse kjemiske forsvarsstoffa er ganske harmlause for oss menneske, og barn som har smakt på planter som er mildt giftige kan få milde symptom som går over av seg sjølv.
Det er likevel nokre artar som produserer gifter som kan ha fatale konsekvensar. Å setje seg inn i kva for artar er giftige og vite kva ein skal gjere og kven ein skal kontakte ved inntak av slike artar er difor lurt når ein arbeider med barn.
Giftinformasjonen
Har barnet fått i seg noke giftig eller er du usikker på om det barnet har spist er giftig? Ring Giftinformasjonen på telefon: 22 59 13 00
Det finst giftige planter som er viltveksande i naturen, planter som er planta i hagar og parkar og planter som ein dyrkar inne. Blant dei svært giftige er desse:
Selsnepe
Selsnepe finst på Austlandet og langs kysten i Sør-Noreg, samt i Trøndelag og i Finnmark.
Gullregn
Gullregn er ei hageplante som finst forvilla i naturen. Ho veks langs heile kysten og på Austlandet.
Barlind
Barlind er et bartre/busk som finst i Sør-Noreg og opp til Nordland. Ho er mykje nytta som hekkvekst.
Giftkjeks
Giftkjeks er en urt som finst langs kysten.
Revebjelle
Revebjelle er ei vanleg plante i Sør-Noreg opp til Trøndelag og finst og i Nordland, Troms og Finnmark.
Tyrihjelm
Tyrihjelm er ei plante som finst nesten over heile landet, borsett frå langs kysten i sør-og vestlandet.
Meir informasjon
Her er nokre ressursar med meir informasjon:
Giftinformasjonen har laga ei oversikt over både ufargelege og giftige planter.
SNL har også ei side med oversikt over giftige planter.