Hopp til hovedinnhold

Samlemetodar for insekt og småkryp i barnehagen

I denne artikkelen omtalar vi seks enkle metodar for å fange insekt og småkryp: Fallfeller, lakenmetoden, slaghåv, sommarfuglhåv, stangsil og røter/steinar.

  Vannedderkopp3x6 Foto: Asbjørn Magnar Hov

Her er nokre enkle beskrivingar av ulike fangstmetodar. 

Fallfeller

Du treng:

  • plastglas
  • fire lange spikrar
  • lokk frå rømmebeger eller liknande
  • liten spade
  • såpevatn

Denne metoden er veldig fin for å samle insekt som spring på bakken og som ofte er nattaktive.

Grav ned plastglaset slik at det er heilt i flukt med bakken. Fyll glaset med såpevatn. Såpa gjer at overflatehinna forsvinn, og dyret søkk til botnen. Stikk fire spikrar gjennom lokket og sett dette over koppen for at regnvatn ikkje skal fylle koppen i løpet av natta.

Grav ned fella dagen før du skal på tur med barnehagen. Ta med barna på innsamlinga og la dei sortere og sjå på dei ulike dyra de finn.

Tips: Grav ned to fallfeller i granskog og to fallfeller i lauvskog og samanlikn dyra de finn. Er det forskjell på typar og kor mange insekt?

(Gå til aktivitet)

Lakenmetoden

Denne metoden er veldig enkel for å fange insekt som er i tre og buskar.

Du treng:

  • eit kvitt vanleg laken klippa opp i 1,5 x 1,5 m
  • ein pinne du finn i skogen

Slik gjer du:

  • Legg lakenet flatt under eit tre eller ein busk.
  • Slå med ein pinne på greiner, og røsk litt i buskane slik at det drysser ned på lakenet.
  • Dra lakena ut i opent lende, og la barna samlast rundt for å samle opp insekt og edderkoppdyr som havnar på lakenet.

(Gå til aktivitet)

Slaghåv

Vi skil mellom to hovudtypar av håvar til bruk på land: slaghåv og sommarfuglhåv. Slaghåven har ein kraftig metallkant og eit kraftig stoff i posen som toler røff behandling. Denne brukar vi i vegetasjonen for å få tak i insekt og edderkoppar som lever der. Sommarfuglhåven er enklare bygd og har eit nett som fort rivnar dersom det blir bruka i vegetasjon. Denne skal berre brukast i lufta for å fange sommarfuglar og andre flygande insekt.

Bruk slaghåven i jamne samanhengande bevegelsar fram og tilbake i gras og buskar, og sørg for å lukke posen fort når du er ferdig med å samle inn. Flygande insekt rømmer fort.

Samle barna rundt håven som ligg på bakken og opne forsiktig opp posen for å sjå kva du finn. Du vil finne masse edderkoppar, teger og små biller, små fluger, mygg, bier og humler.

(Gå til aktivitet)

Sommarfuglhåv

Denne brukar vi til å fange insekt som er i lufta. Her er det berre å sende barna på jakt etter sommarfuglar. Pass på at denne ikkje blir bruka i vegetasjonen, da nettet fort blir øydelagt dersom det hektar seg opp i greiner og liknande.

(Gå til aktivitet)

Stangsil

Stangsiler brukar vi for å samle inn dyr i vasskanten. Dyra finn du for det meste i vegetasjonen nede i vatnet der dei gøymer seg. Du kan finne ulike vassteger (buksvømmar, ryggsvømmar, vassløpar og vasskorpion), vassbiller (vasskalv, virvlarar og vasskjær), døgnfluger, vårfluger, steinfluger og augestikkarlarver (libeller og vassnymfer).

  • Du treng ei stangsil og ein plastbakke.

Ha litt vatn i plastbakken først. Dra stangsila i ein jamn bevegelse gjennom vatnet og vegetasjonen. Ikkje stopp bevegelsen før sila er ute av vatnet, elles rømmer insekta. Slå innhaldet ut i plastbakken. Rør litt rundt og la det stå til det er heilt roleg. Observer nøye. Nokre av dyra er veldig små, og du vil sjå dei bevege seg. Plukk gjerne opp insekta, og legg dei i ein isboks med vatn for vidare studium.

(Gå til aktivitet)

Løfte på røter og steinar

Den enklaste aktiviteten. La barna løfte på steinar og røter. Bruk pinsett for å samle inn dyr som er under desse. Nokre gongar må du vere veldig rask, særleg dersom du vil ha tak i skolopendrar og løpebiller. Desse er raske. Lær barna å legge tilbake steinane og røtene på den plassen dei hadde, slik at det ikkje ser rotete ut etter at aktiviteten er ferdig.